Litteraturhusets Podkast

Ubehaget i lesekulturen: Agnes Ravatn og Bjørn Vatne

Informações:

Sinopsis

Når dronninga av vestlandsk humor, Agnes Ravatn, skriv om maktskifte i den mektige forlagsfamilien Høst, blir resultatet regnvåt, forblåst og spennande litteratur i slekt med dramaserien Succession. Matriark og forleggar Myrna Høst skal avgjere kven som overtek sjefsstolen: Den marknadsvennlege dottera, som vil forlaget skal bli ei plattform for innhald i alle format? Den litterært orienterte sonen, som hevdar lesing og konsentrasjon snart kjem tilbake på moten?I romanen Doggerland møtast både børs og katedral-orienterte familiemedlemmar til strategisamling på ei lita vestlandsøy. Når dei som teambuilding skal lage middag saman er det ikkje berre framtida til lesekulturen som putrar i gryta, men også ei pikant utruskapsaffære og den yngste familiemedlemmen sin nye KI-venn.Agnes Ravatn er kjent som ein av landets vittigaste og skarpaste forfattarar. Ho har gitt ut kritikarrosa og populære bøker, som romanane Fugletribunalet og Dei sju dørene, samt.sakprosabøker som