Fjordingen På Flo Skue

Informações:

Sinopsis

Fjordingen er lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten tek journalist Roy Aron Myklebust med seg spennande personar frå lokalmiljøet til utkikspunktet Flo skue. Med utsikt over strynebygda, løftar vi blikket og pratar om laust og fast. Både det den aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avsløre sider som er mindre kjent.

Episodios

  • "Vekas Utvalde": Vidar Stavik

    21/05/2022 Duración: 57min

    Kvar onsdag frametter våren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. Denne gongen er det politioverbetjent Vidar Stavik som er gjest i studio. Programmet vart sendt 18. mai.

  • Sport und Spaß, sending nummer 50, 8. desember 2021

    09/12/2021 Duración: 01h49min

    JUBILEUMSSENDING med lokalsport-quiz og maratonstunt! Harald Vartdal er quizmaster, medan Inge Asbjørn Haugen fullførte ein fullverdig maraton med målgang i radiostudio! Bryn deg på spørsmåla og høyr kven som vart kåra til Årets lokalsportleksikon.

  • Sport und Spaß sending 49, 24. november 2021

    28/11/2021 Duración: 01h09min

    I denne sendinga er Skåla Opp-general Erik Rune Brendefur gjest. Til sommaren vert siste utgåva av motbakkeløpet arrangert, og vi høyrer om det er nye ting på gang. Det vert også litt mimring om tida som fotballspelar i Stryn og Loen og ein sveip innom favorittlaget Leeds. I sendinga elles høyrer du Inge Asbjørn Haugen fortelje om utfordringa han har fått frå Sport und Spaß til jubileumssendinga 8. desember- som blir den 50. i rekkja. Vi trekkjer vinnar av konkurransen og det blir eit nytt "Rim med Rakje".

  • Sport und Spaß, sending 48, 17. november 2021

    18/11/2021 Duración: 01h18min

    Denne sendinga er via "oppslagsverket" frå Olden, Oddvar Auflem. Her går praten i alt frå kattugler til travløp og saueklipping!

  • Sport und Spaß sending 47, 03. november 2021

    04/11/2021 Duración: 01h14min

    Gjester er Jarle Flo og Torje Seljeset. I tillegg får du lokalsportrunde, Rim med Rakje og vi kårar vinnar av konkurransen.

  • Sport und Spaß sending 46, 13. oktober 2021

    14/10/2021 Duración: 53min

    Kveldens gjest er rykande fersk verdsmeister i benkpress, Signe Elisabeth Belden (38). Det vert også lokalsportrunde, Rim med Rakje og vi kårar vinnar av Aafk- og Bryne-drakt.

  • Sport und Spaß sending 45, 15. september 2021

    15/09/2021 Duración: 01h33min

    Storfint besøk av Loen og Stryn sin store fotballson, Mats Solheim. Prat med fersk gullvinnar for Førde Volleyballklubb, Oskar Raftevold. Lokalsportrunde, Rim med Rakje og trekking av konkurransevinnar.

  • Sport und Spaß sending 44, 1. september 2021

    04/09/2021 Duración: 56min

    Gjester i studio er Jørn Peder Sætre og Sigurd Fænn. Hans Petter Galtung med rapport frå Olden IL før UM friidrett, Rim med Rakje og konkurranse.

  • Sport und Spaß sending 43, 2. Juni 2021

    03/06/2021 Duración: 01h22min

    Per Egil Flo er tilbake i Sogndal. Håvard Flo mimrar om cupmeisterskap og gyldne år i Aarhus og song- og skiskyttartalentet Oselie Henden satsar vidare. Nytt rim med Rakje og vi trekkjer heldig vinnar av Ålesund-drakt.

  • Sport und Spaß, sending 42, 19. mai 2021

    20/05/2021 Duración: 01h20min

    Kveldens hovudgjest er Johann Sigurdsson. Indre glød, spinning og lærar-comeback er mellom tema som blir diskutert. Idol-vinnar og Viking sin marknadssjef, Kjartan Salvesen, fortel om eiga fotballkarriere, cupfinalelåt og trekker dessutan vinnar av Viking-drakt! Du høyrer også volleyballspelaren Oskar Raftevold som nyleg fekk sin landslagsdebut, og Roy Veamyhr fortel om ståda i Stryn handball.

  • Sport und Spaß sending 41, 5. mai 2021

    06/05/2021 Duración: 01h29min

    Ei sending i luftsportens teikn! Amber Forte, Espen Fadnes og Even Flo bidreg med kunnskap og gode historier frå livet i vingedrakt. Anne Marie Svarstad opplyser oss om orienteringssporten. Det blir nye rim med Rakje og Frank Hool byr på nytt uttrykk frå sportsverda.

  • Sport und Spaß, sending 40, 21. april 2021

    22/04/2021 Duración: 01h08min

    Sending 40! Sondre Roset har gått ein 102,7 km lang skitur. Jostein Flo med tankar for framtida etter at han gav seg som sportsleg leiar i Strømsgodset og handballspelaren Joanna Øvre-Flo jobbar mot toppseriespel i Bergen.

  • Sport und Spaß, sending 39, 7. april 2021

    08/04/2021 Duración: 01h12min

    Jan Heggheim er Rochdale-supporter. Trakkemaskinkøyrar Arvid Hatledal er sånn passeleg gald for påfyll av snø og Jamel Rake avdramatiserer sin exit frå podcasten Fopall. Det blir nytt rim med Rakje, lektor Hool gir oss forklaringa på uttrykket "No blir det andre boller" og vi trekkjer vinnaren av det bugnande påskeegget!

  • Sport und Spaß, sending 38, 24.mars 2021

    24/03/2021 Duración: 01h20min

    Sjur Ole Svarstad om Bø-bragdene i verdscup-samandraget. Fersk sølvmedaljevinnar frå NM skiskyting, Simon Hjelmeset Kirkeeide, er direkte inne frå smørjeboda. Sogndaltrenar og ex Leeds-spelar, Eirik Bakke, håpar på nye spelarar frå Stryn til saftbygda. Hanna Tenden er klar for veteranrolla på damelaget. Og vi trekkjer den heldige vinnaren av Sogndaldrakt, signert av Eirik Bakke og Håvard Flo!

  • Sport und Spaß, sending 37, 10. mars 2021

    11/03/2021 Duración: 01h24min

    Gjester: Jarle Midthjell Gjørven, Per Egil Flo, Johnny Seljeset og Lasse Hjelle. Det blir også nye rim frå Atle Rake og språksnakk ved Peter Paddington.

  • Sport und Spaß, sending 36, 17. februar 2021

    17/02/2021 Duración: 01h13min

    Vi har funne NM-fanfaren frå 1996! Dugnadsnarkoman Ivar Erik Revedal gjestar studio. Inge Brynestad fortel om korleis det er å sjå VM i skiskyting frå stova og ikkje tribuna, der han brukar å vere. Edvin Haugen fortel om sitt engasjement for Hornindal-fotball, både gjennom lagsarbeid og innsamling og deling av gamle foto av fotballivet i "Hønndala". Elles kan du høyre nytt Rim med Rakje og kven som var den heldig uttrekte av NM-funkjsonærantrekk frå 1996!

  • Innovation Support er stolt sponsor av Sport und Spaß sesong 5!

    04/02/2021 Duración: 01min

    Innovation Support er stolt sponsor av Sport und Spaß sesong 5! by Radio Stryn med Sport und Spaß

  • Sport und Spaß sending 35, 3. februar 2021. NM Spesial

    04/02/2021 Duración: 01h42min

    Det er 25 år sidan NM på ski nordiske greiner i Stryn. Vi mimrar om festdagane på Ullsheim og i Bjørkelibakken. Bidragsytarar i sendinga er: Inge Fænn (leiar hovudkomiteen), Odd-Bjørn Hjelmeset (utøvar og bronsevinnar 5-mila), Inger Marie Svingeset (tilsett NM-kontoret), Gunnhild Sindre (komponist NM-fanfaren), Hans Holmøyvik (tidl. journalist Fjordingen), Johnny Seljeset (deltakar langrenn frå Markane) og Ola Ødegård (leiar hoppkomiteen).

  • Sport und Spaß, sending 34, 16. desember 2020

    17/12/2020 Duración: 01h53min

    Sesongavslutning! Harald Vartdal og Nils-Petter Hauge er med som gjester i studio og pratar om sport og smått gjennom sendinga. I tillegg tek vi ein prat Med Evy Mariann Rossetvik og Mats Solheim.

  • Sport und Spaß sending 33, 2. desember 2020

    03/12/2020 Duración: 01h22min

    Gjester i sendinga er: Sander Amble Haugen, Kay Ove Hafsås og Ole Christian Haugen. Du får også eit nytt "Rim med Rakje".

página 3 de 6